Tidlegrøysting på rådhuset

Frå 1. juli til og med 8. august kan du tidlegrøyste på servicekontoret på rådhuset i Svelgen. Opningstida er måndag til fredag kl. 09.00-15.30.

Våre tenester

Har du ein draum om å flytte til Bremanger kommune?

Bremanger er ein kystkommune i Vestland fylke. «Leve, virke, nyte, heile livet» er visjonen vår, og vi tilbyr gode desentraliserte tenester. Vi har også eit rikt og aktivt kulturliv innan musikk, song og idrett.

Er du glad i friluftsliv ved sjø eller til fjells er vi midt i blinken for deg!

Ledige bustadtomter Ledige næringsareal

Ledige stillingar Rekrutteringstiltak

Oversiktsbilete over Svelgen
Hornelen

Kan du tenkje deg å jobbe i Bremanger kommune?

Ledige stillingar    

Fann du ikkje stillinga for deg?

Om du ikkje fann stillinga for deg her, samarbeider vi med Nordfjordkompaniet som gjerne vil hjelpe deg å finne din plass i Nordfjord. Meld deg inn i Heia Nordfjord som jobbsøkjar så tek dei direkte kontakt med deg!

Meld deg inn i Heia Nordfjord

Aktuelt i kommunen

  • 25.06.2025

    Nedgang i bruk av vikarbyrå

    Bremanger kommune hadde 20 prosent lågare utgifter til vikarbyråbruk i 2024 samanlikna med året før, og nedgangen held fram. – Etter første tertial...
  • 23.06.2025

    Tilsynsgebyr for private avløpsanlegg

    Dei som har små, private avløpsanlegg, minianlegg, slamtank eller andre spreidde avløpsanlegg vil få eit gebyr for tilsyn på fakturaen sin.
  • 20.06.2025

    Tid for å søkje momskompensasjon

    Lag og organisasjonar kan no søkje momskompensasjon på varer og tenester! Søknadsfristen er 1. september 2025.

Vil du vere med å påverke?

Følg med på kva som skjer i kommunen og lokaldemokratiet. Sei meininga di om planar, følg med på prosjekt og saker som er viktige for deg.

Turist i Bremanger kommune

I Bremanger får du oppleve det meste av dei karakteristiske trekka av Sogn og Fjordane.

Her kan du besøke levande fiskevær, fiske i sjø og ferskvatn, Europas høgaste sjøklippe Hornelen, gå på Ålfotbreen, klatre i fjella, få sightseeing på fjorden eller i skjergarden, vere med på hjortejakt eller ta krabbe med berre nevane.

Turist i Bremanger

Facebook - Bremanger Turistinformasjon

Instagram - Bremanger Turistinformasjon

Visit Nordfjord

Vetvika

Politiske møter