Bustadtomter

Vi har bustadtomter til sals fleire stadar i den flotte kommunen vår. Dette kan vere tomter i både eldre og nyare bustadfelt. 

Er du på jakt etter bustadtomt?

Bremanger kommune har kommunale bustadtomter i fleire delar av kommunen. Prisane på tomtene kan variere, og vert som hovudregel fastsett med utgangspunkt i utbyggingskostnadene for den perioden det einskilde bustadfeltet vart utbygd. I nokre områder med lite etterspurnad har ein gjennom politiske vedtak fastsett nye «subsidierte» prisar på tomtene. Eit viktig prinsipp ved fastsetting av tomtepris har vore at tomtene skal seljast til sjølvkost. Gjennom dette prinsippet har kommunen ikkje noko forteneste på tomtene. 

Bremanger kommune ynskjer at innbyggarar og tilflyttarar skal få høve til å kjøpe rimelege tomter til ein pris som ikkje er marknadsstyrt. 

Oversikt over ledige bustadtomter