Bremanger kommune gjekk inn i NAV Nordfjord som er eit samarbeid mellom Nordfjord kommunane frå 01.mai 2023.
Stad kommune er vertskommune for samarbeidet. Den daglige oppfølginga ligg difor under Stad kommune, men oppfølginga i Bremanger kommune ligg under Samfunn og utvikling.
NAV jobbar med sakshandsaming og oppfølgingsarbeid innan ulike områder. Gjev dei som bur i Bremanger kommune bistand til å komme i arbeid eller aktivitet. NAV bistår også næringslivet med oppfølging, og har samarbeid i høve til sjukmeldte og rekruttering. Det er NAV som har ansvar for kommunen sine sosiale tjenester mellom anna knytt til økonomisk sosialhjelp, startlån og kvalifiseringsprogrammet.
- Sosial
- Råd og rettleiing økonomi, inkludert frivillig forvaltning
- Gjeld
- Akutt bustad plassering
- Kvalifiseringsprogram - KVP
- Startlån
- Bustøtte
- Delta i ansvarsgruppe - Individuell plan
- Sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd
- Dagpengar
- Einslege forsørgjarar
- Marknadsarbeid/marknadskontakt
- Ungdoms kontakt
- Utvida oppfølging
NAV Nordfjord