Startpakke for nytilsetteBremanger kommune tilbyr ein økonomisk startpakke for nye arbeidstakarar som vert tilsett i kommunal stilling etter 01.01.2025. Målet er å rekruttere nødvendig kompetanse i offentleg sektor. FøremålTilskotsordninga skal stimulere til rekruttering og tilflytting til Bremanger kommune. TilskotetStartpakka består av eit årleg tilskot på kr. 30 000,-(100% stilling) i inntil fem år, totalt kr. 150 000,-. MålgruppeTilskotet vert gitt til nytilsette i Bremanger kommune som er, eller blir, folkeregistrert i Bremanger kommune innan tre månader etter startdato. RetningslinjerRetningslinjer for startpakke til nytilsette i kommunale stillingar (PDF, 928 kB)VilkårVed deltidsstilling vert tilskotet avkortatilsvarande.Tilskotet gjeld tilsetting i fast stilling i minst 50%.Ved auke i stillingsstorleik i 5 års perioden vil tilskotet auke tilsvarande. Perioden vert ikkje utvida.Ein arbeidstakar kan berre bli omfatta av tilskotet ein gong.Tilsette som tidligare har vore fast tilsett i verksemda har ikkje rett til tilskotet før det har gått fem år etter sluttdato (det kan gjerast unntak for studentar som har hatt fast deltidsstilling). Publisert 08.01.2025 14.33 Sist endra 30.06.2026 09.44