Turist i Bremanger kommune

I samarbeid med Visit Nordfjord har vi digitalisert turisttenestene våre. Det er sett opp tre turistskjermar; ein i Kalvåg, ein i Svelgen og ein på Iglandsvik. Her kan turistar få informasjon om alt dei treng for eit flott opphald i kommunen vår. 

I Kalvåg står turistskjermen utanfor Galleri Torsheim. I Svelgen står den utanfor rådhuset på sida som vender mot sentrum. På Iglandsvik finn du den med Farmen livsstilsbutikk. 

Har du tips til informasjon som kan leggast inn i turistskjermen, ta gjerne kontakt med kommunikasjon- og informasjonsmedarbeidar Suzanne Sagebø på e-post suzanne.sagebo@bremanger.kommune.no.  

Vingen 2026

Her får du oversikt over påmelding og rutetider for båt til Vingen 2026

Nyttige lenkjer