Frå registreringane på Iglandsvik.
Bremanger kommune
Datoen er torsdag 5. februar klokka 18.00. Arkeolog Andrea Skrede kjem saman med kollega Lars Jølle Berge og Isabel Furesund Berge.
Utgravingar sist sommar
I fjor sommar gjennomførte arkeologane det som på fagspråket blir kalla registreringar i ytre Bremanger. Då fann dei mellom anna spor etter fleire tusen år gamle langhus ved gravplassen på Igland. Det vart også funne graver, naust, pilspissar i området.
Utgangspunktet for undersøkingane i Iglandsvik er ein reguleringsplan for gang- og sykkelveg gjennom området.
Slik såg det ut på Iglandsvik sist sommar.
Bremanger kommune
Frå steinalder til mellomalder
Arkeolog Andrea Skrede fortel at dei har funne spor frå
steinalder og heilt fram til mellomalder i jorda der, og at dei vil fortelje meir om dette når dei kjem til Heimen i februar. Det er i det heile tatt mykje spennande å sjå fram til. Men korleis ser Bremanger ut for ein arkeolog? Andrea Skrede svarer slik på spørsmålet:
– Å, der er det mykje spennande! Vingen, Skatestraumen og gravrøysene i Botnane er vel dei mest kjende. Mykje i Bremanger ligg nær fjord eller bre, og i dette området har det vore aktivitet i mange tusen år.
Også funn i Skatestraumen
Skrede fortel at på formidlingsmøte i februar vil kollega Lars Jølle Berge fortelje om funn på Nygård i Skatestraumen. Deretter skal ho, saman med kollega Isabel Furesund Berge, fortelje om funna på Iglandsvik.