Budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029

Bremanger kommunestyre vedtok den 18.12.2025, sak KST-052/25, Budsjett 2026 – økonomiplan 2026-2029.

I driftsbudsjettet er det, med mindre justeringar, lagt opp til ei vidareføring av drifta på 2025-nivå.

Som kommunestyret tidlegare her vedteke, skal det gjennomførast kontorjustering av eigedomsskattetakstane med 10%, samstundes vert eigedomsskattesatsen redusert frå to til ein promille på bustader og fritidsbustader. 
Dette skal føre til ei redusert eigedomsskatt for dei aller fleste. Frå 2027 er det lagt opp til å fjerne eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader.

På investeringssida er ambisjonane høge og det store prosjektet i økonomiplanperioden er ny ungdomsskule i Svelgen. Når det gjeld investeringane er det også viktig å lese kommunestyret sitt verbalvedtak. Her går det fram ein
del viktige presiseringar som  må takast omsyn til. 

Du finn budsjettdokumentet ved å følgje denne lenka.