Den nye statlege støtteordninga slettar 25 000 kr av studiegjelda til dei som vel å bu i usentrale kommunar kvart år. Dette skal motivere folk til å bu i distrikta og halde høge kompetansenivå i desentraliserte kommunar.
Bremanger er i sentralitetssone 6, som er den minst sentrale kategorien. Sonetilhøyrsle er bestemt av faktorar som nærleik til arbeidsplassar og sentrale funksjonar.
Kvart år får yrkesaktive i Bremanger kommune sletta 25 000 kr frå studiegjelda si. Gjeld blir sletta kvart år fram til heile gjelda er nedbetalt.
Dei som er i fulltidsjobb frå 1.1.2025 eller før får sletta 25 000 kr av gjelda si 1. januar neste år. For dei som startar jobben i løpet av året vil startdatoen avgjere kva dato du får studiegjelda sletta neste år.
Meir informasjon om ordninga finn du på regjeringa.no
Publisert 08.01.2025 14.36
Sist endra 08.01.2025 14.50