Så kva er det med Bremanger? Forfattaren seier det er fleire ting:
– Bremanger er privilegert, og Svelgen med smelteverket, er eit kraftsentrum i den perioden eg skriv om, seier han.
Tidspunktet for boksleppet er fredag 21. november klokka 17.00, og staden er Bremanger Fjordhotell.
Då vil også leiar for Sogenemnda, Liv Marit Bøen, fortelje om arbeidet med bokverket som denne siste tittelen er ein del av, og det ein kan kalle det lokalhistoriske biblioteket om Bremanger.
Kartet frå boka viser Bremanger og gamle Davik.Joleik og historia frå 1850
Boka som kjem i slutten av november er sjette bandet i ein serie. Dei fire første handlar om gards- og ættesoga i kommunen. Deretter kom ei bok om allmennsoga frå 1850, og fram til krigen.
Florøværingen Albert Joleik har som kjent skrive Bremanger bygdebok fram til 1801, men det er ei anna historie.
Det siste bandet frå Sogenemnda i denne omgang blir band nummer seks. I den lokalhistoriske boksamlinga har ein fleire mindre titlar som «Gamalt frå Davik» av Hans Erik Endal, og diktet Claus Frimann skreiv om Hornelen, samt andre kortare tekstar. Allmennsoga II er altså del av eit større verk.
Forfattar Gaute Losnegård har base i Holmedal, men er ein del i Hoddevika på Stad der kona driv campingplass.Før og etter 1980
Losnegård fortel at den nye boka er delt i to:
– Første periode går frå krigen, og fram til 1980. Andre periode går fram til vår tid. Inndelinga handlar i stor grad om utviklinga på verket i Svelgen.
– Ser du 1980 som ein slags kulminasjon av historia lokalt?
– På mange måtar kan ein seie det ja. Christiania Spigeverk satsa tungt i Svelgen etter krigen. Tidleg på 1970-talet kom fusjonen med Elkem, og oppturen varte fram til 1980. Etter den tid var det nedbemanning og krise. Men då Orkla selte Elkem til kinesiske Bluestar blei det igjen framgang og stabilitet lokalt, og i kommunen.
Kalvåg var kommunesenter før Svelgen blei det.
Kristoffer Mandelid Totland
Sterke bygder
Losnegård har skrive bøker om mange kommunar på Vestlandet, så dette har han gjort før. Basen hans er Holmedal i Askvoll kommune. Etternamnet har han frå øy Losna ytst i Sognefjorden der farfaren ættar frå.
Den totale produksjonen til forfattaren frå Askvoll har passert 30 utgjevingar, og dette har han halde på med i 25 år. Av fag er han utdanna historikar frå Universitetet i Bergen. Som dei fleste vil vite er det faren, Rolf Losnegård, som har skrive Kinnaspelet. Søstera Idun er tilsett som skodespelar ved Teater Vestland i Førde.
Om den komande boka fortel han at i ytre delar av Bremanger har fiskeri og fiskeindustri vore viktig. Schei-komiteen og samanslåinga med gamle Davik kjem i perioden han har skrive om i den siste boka. Då bygde ein også rådhuset i Svelgen, og flytta kommuneadministrasjonen frå Kalvåg til Nordgulen. Og han har funne andre strukturelle trekk:
– Bremanger har tatt vare på bygdene sine, og dei hadde nokre år med Terra og ROBEK. Likevel har dei klart å behalde ein desentralisert skulestruktur som viser at bygdene blir respekterte, og at dei er sterke. Som vi såg på NRK-programmet Nytt på nytt i oktober, har dei fire svømmebasseng, men også to idrettshallar i Bremanger. Det er spesielt i ein kommune med tre og eit halvt tusen fastbuande.
Har ofra mykje natur
Likevel er det ikkje alt han har kome over som er like rosenraudt. Han nemner spørsmålet om samanslåing med Kinn, og dei harde kampane om vindkraft.
– Bremanger har god råd og store kraftinntekter. Men kommunen har ofra mykje natur. Bremanger er kanskje den kommunen i gamle Sogn og Fjordane som har ofra mest natur. Så dette har kosta, seier han.
No ser han fram til å lansere boka, og nyttar høve til å rose dei han har jobba saman med:
– Sogenemnda har jobba godt. Det er dei og kommunen som er utgjevar, avsluttar han.