Serveringsløyve

Personar eller verksemder som vil drive serveringsstad i næringssamanheng, må søkje kommunen om serveringsløyve.

Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstad der det skal etast/drikkast på staden. 

 

Endringar i løyveperioden

Endringar kan skje i løpet av løyveperioden, til dømes ved skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforholda. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Om serveringsløyve vert overdrege til andre, fell serveringsløyve vekk dersom det ikkje vert søkt om løyve innan 30 dagar etter at avtale overdraging vert inngått
 

Kva gjer kommunen?

Kommunen innhentar uttale frå politi og skattemyndigheitene. Det kan i tillegg hentast inn uttale frå andre offentlege myndigheiter. Løyvesøkjar, dagleg leiar og personar som har vesentleg innverknad på virksomheita må ha utvist uklanderleg vandel.
 

Kva treng du som søkjar?

Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå dei kommunale bygningsmyndigheitene for å kunne drive serveringsverksemd i ein bygning. Det må liggje føre godkjend bruksendring dersom bygningen er regulert til andre føremål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte.
 

Dagleg leiar for serveringsstaden må bestå etablerarprøva for å dokumentere nødvendige kunnskapar om økonomistyring og om lovgiving. 
 

Vedlegg til søknad om serveringsløyve:

  • Dokumentasjon på at etablerarprøva er bestått.
  • Firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregisteret.
     

Skal det skjenkast alkoholhaldig drikk må styrar og avløysar i tilleg ha bestått kunnskapsprøve i alkohollova.

Kontaktpersonar

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset