Etablerarprøva i serveringslova

Før ein serveringsstad kan få serveringsløyve, må dagleg leiar av serveringsstaden ha klart etablerarprøva. (dette er ikkje det same som kunnskapsprøven etter alkohollova.)

Etablerarprøva skal sikre at den som er ansvarleg for serveringsstaden har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgjeving som har noko å seie for drifta.

Kommunen skal halde prøva innan to månader etter at vi har mottatt melding om at du ønskjer å avleggje prøva.

 

Om prøva

  • Etablerarprøva er ei fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøva. For å klare prøva må 40 av 50 svar vere rette. Om du ikkje består prøva, har du høve til å ta den på nytt.           
  • Prøva er nettbasert og skal bevarast elektronisk.  
  • Du kan ha med lovsamling som hjelpemiddel.
  • Ta med gyldig legitimasjon.
  • Gebyr for å ta etablerarprøva er kr 400,-
  • For å ta etablerarprøva, kontakt Servicekontoret på tlf. 57 79 63 00

                                                                                      

Kommunen sender  faktura frå økonomiavdelinga.

Læremateriell til etablererprøven for kan tingast i nettbutikken hjå VINN. 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset