eDialog - Send oss post elektronisk, heilt trygt
Med tenesta eDialog kan både privatpersonar og verksemder sende dokument til Bremanger kommune via ein sikker og effektiv kanal.
Korleis bruke eDialog?
- Logg inn med ID-porten
- Du kan no skrive og laste opp vedlegg i skjemaet. Du kan også svare på post frå kommunen på denne måten.
Slik brukar du skjemaet
- Fyll ut obligatoriske felt (merka med raud *)
- Vel om du er privatperson eller verksemd.
- Skriv i "Tittel" kva saka gjeld - gjerne med saksnummer frå kommunen sitt brev.
- I "Kommentar" fyller du ut svaret ditt.
- Du kan laste opp vedlegg til brevet. Dei vanlege filformata er støtta.
- Klikk på "Send". Sendinga vert kryptert og sendt direkte til Bremanger kommune. Du får kvittering med referansenummer på SMS og e-post.
Du kan bruke e-post for vanlege spørsmål til kommunen, så lenge du ikkje skriv teiepliktige eller sensitive opplysningar, då brukar du eDialog.
Send post elektronisk her
Publisert av Kristoffer M. Totland
Publisert 31.01.2023 13.55
Sist endra 31.01.2023 13.56