Høyringsfristen er 31. oktober 2024.
Merknad må sendast skriftleg til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, Pb. 104, 6721 Svelgen.
Folkemøte 21. oktober og open kontordag 22. oktober
Informasjonsmøtet er måndag 21. oktober kl. 18.00 på samfunnshuset i Svelgen. Formålet med informasjonsmøtet er å informere om prosjektet, løysingane som er foreslått og kva vurderingar som er gjort. Det blir høve til å stille spørsmål om planen, og få meir informasjon om ulike deltema.
Dagen etterpå, tysdag 22. oktober, blir det open kontordag på rådhuset i Svelgen. Dette er eit tilbod til dei som ynskjer å komme i direkte kontakt med kommunen, Holmaneset H2 AS (Fortescue) eller plankonsulent Henning Larsen i Rambøll-gruppa for å stille spørsmål eller drøfte planforslaget. Det vert sett av inntil 20 minutt til kvart møte. Møta kan også gjennomførast digitalt om det er ønskjeleg. Du melder deg på open kontordag ved å kontakte servicekontoret i Bremanger kommune tlf. 57 79 63 00 eller på epost post@bremanger.kommune.no.
Planforslaget
Planområdet omfattar Holmaneset og Storeholmen med sjøområde, vist på illustrasjonsbildet under (stipla linje). Planområdet er om lag 500 daa (500 000 m2), og gards-/bruksnr. 41/8, og del av gbnr. 41/1 og 41/11 (fv. 614).
Formålet med planarbeidet er å legge til rette for produksjon av grønt hydrogen og grøn ammoniakk på Holmaneset. Planlagde reguleringsformål er industriområde, med kai og tilkomstveg, ulike trafikkføremål, naturområde, og hamneområde i sjø. Det er fremja to planframlegg, alternativ 2a og 2b. Planalternativ 2a har utfylling og hovudtilkomst i Djupevika, medan planalternativ 2b ikkje har utfylling i Djupevika.
Plandokumenta
Vedlegg
- Referat frå oppstartsmøte (PDF, 305 kB)
- Merknadsoppsummering og utsvar varsel om oppstart (PDF, 2 MB)
- ROS-analyse (PDF, 2 MB)
- Konsekvensutredning med vedlegg 1, Prosjektet sammenlignet med dagens miljøtilstand (PDF, 28 MB)
- Geoteknisk notat (PDF, 7 MB)
- VAO rammeplan (PDF, 4 MB)
- Trafikkanalyse (PDF, 4 MB)
- Navigasjonsnotat (PDF, 2 MB)
- Massebalanse (PDF, 712 kB)
- Vegtegninger – plan og profiltegninger, planalternativ 2a (PDF, 5 MB)
- Vegtegninger – plan og profiltegninger, planalternativ 2b (PDF, 4 MB)
- Seawater cooling concept report (PDF, 4 MB)
Plankarta med føresegner og planomtale kan du også sjå i hallen på Rådhuset i Svelgen.
Sei meininga di
Du kan sende merknader til planen på epost eller brev til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, Pb. 104, 6721 Svelgen.
Når du sender inn merknader til reguleringsplanen, vil du ikkje få eit eige svarbrev. Forslagsstillaren vil vurdere og kommentere merknadene dine, og inkludere dei som ein del av det samla planmaterialet som kommunen skal behandle vidare.
Høyringsfristen er 31. oktober 2024.