Utsett skulestart

Barn skal som hovudregel byrje på skolen det kalenderåret dei fyller 6 år (jf. § 2-1 i opplæringslova).

(…) Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år. (…)

 

Utsett skulestart

Dersom du/de meiner at barnet ditt/dykkar har behov for et ekstra mogningsår før skulestart, er det mogleg å søkje om dette. Søknad om utsett skulestart bør sendast i løpet av hausten året før ordinær skulestart av omsyn til barnet og for å sikre rimeleg tid til sakshandsaming. Søknaden bør uansett sendast i god tid før 1. mars (søknadsfrist for hovudopptak i barnehagane), slik at foreldre i god tid kan avklare/søkje eventuell barnehageplass for barnet komande barnehageår.

 

Skriftleg søknad skal sendast til:

Bremanger kommune
ved kommunalsjef for oppvekst
postboks 104
6721 Svelgen

 

Kva skjer vidare?

Kommunalsjefen vil be Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) om å gjere ei sakkunnig vurdering. Dersom det er tvil om barnet har kome tilstrekkeleg langt i si utvikling til å byrje i skulen, har barnet rett til utsett skulestart. Dette står i opplæringslova § 2-1.

 

Kommunalsjefen fattar vedtak med bakgrunn i den sakkunnige vurderinga. 

 

Kontaktpersonar

Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset