Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø

Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande.

Skulen har ei aktivitetsplikt

Alle som jobbar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra. Dersom ein vaksen på skulen veit om – eller trur – at ein elev blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han

  • gripe inn mot krenkingar om det er mogleg
  • alltid seie frå til driftssjef
  • undersøkje det som har skjedd


Driftssjef har ansvar for å lage ein plan og setje inn tiltak for at eleven igjen skal få det trygt og godt på skulen. Dette kallar ein for aktivitetsplikta til skulen. 

 

Kva om ein elev blir krenka av ein tilsett på skulen?

Dersom ein elev opplever å bli mobba eller krenka av ein lærar eller andre som jobbar på skulen, har skulen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka. Det er strengare krav til å varsle, undersøkje, og sette inn tiltak. Driftssjef må òg varsle skuleeigar (kommunen), som vil følgje opp saken vidare.
 
Dersom det er ein i leiinga som står bak krenkingane, skal skuleeigaren varslast direkte. 

 

Melde saka til statsforvaltaren

Dersom du eller barnet ditt meiner at skulen ikkje har gjort nok for at eleven skal ha eit trygt og godt skulemiljø, kan du melde saka til statsforvaltaren.

 

Før du melder saka til fylkesmannen:

  • må du ha tatt opp saka med driftssjef på skulen
  • må det ha gått minst ei veke frå du tok opp saka med driftssjef


Saka må i tillegg gjelde skulemiljøet på den skulen eleven går på no. 


Er det heilt spesielle tilfelle, kan du uansett ta kontakt med statsforvaltaren. Du må ta kontakt med Statsforvaltaren i det fylket du bur. Du finn ei oversikt på www.statsforvalteren.no, under fana «Vel embete».

 

Kva kan statsforvaltaren gjere?

Statsforvaltaren skal vurdere om skulen har gjort det dei skal, og dei kan bestemme kva skulen skal gjere for å sørge for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Statsforvaltaren skal setje ein frist for når tiltaka skal gjennomførast og følgje opp saka.

Dei kan òg gje bøter dersom skulane ikkje følgjer opp.

 

Informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettar

På www.nullmobbing.no finn du informasjon om kva rettar elevar og foreldre har, og kva ein kan gjere dersom ein elev opplever å ikkje ha et trygt og godt skulemiljø.  

Ein kan og finne info på https://www.udir.no/laring-og-trivsel/skolemiljo/

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset