Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø.
Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.
Kontaktinformasjon
Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no
Du kan følgje ombodet på Facebook eller på Instagram.
Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp, på www.vlfk.no/mobbeombodet
Publisert av Kristoffer Mandelid Totland
Publisert 02.12.2021 11.12
Sist endra 02.11.2022 10.12