Tidleg skulestart

Barn skal som hovudregel byrje på skolen det kalenderåret dei fyller 6 år (jf. § 2-1 i opplæringslova). 

 (…) Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år. (…)
 

 

Tidleg skulestart

Dersom du/de meiner at barnet ditt/dykkar kan byrje på skulen eit år tidlegare enn normalt, er det mogleg å søkje om dette dersom barnet har fylt 5 år innan 1. april.
 

Søknad om tidleg skulestart bør sendast i løpet av hausten året før de søkjer om skulestart for barnet, både av omsyn til barnet og for å sikre rimeleg tid til sakshandsaming.
 

 

Skriftleg søknad skal sendast til:

Bremanger kommune
ved kommunalsjef for oppvekst
postboks 104
6721 Svelgen

 

Kva skjer vidare?

Kommunalsjefen vil be Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) om å gjere ei sakkunnig vurdering. Kommunalsjefen fattar deretter vedtak med bakgrunn i den sakkunnige vurderinga.
 

Lova gjev ingen rett til framskunda skulestart, men kommunen kan gje slikt løyve dersom PPT tilrår dette. Dette går fram av opplæringslova § 2-1. Viktige moment er om barnet er sosialt moden og har gode faglege føresetnader. Det er få tilfelle der søknad om framskunda skulestart vert imøtekomen.
 

Dersom søknaden kjem seint (etter påske) – slik at det vert lite tid til å førebu barnet på tidleg skulestart – er dette eit moment som kan tilseie at søknaden ikkje vert imøtekomen.

Kontaktpersonar

Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset