Slette gyldig fråvere

Elevar på ungdomsskulen kan søkje om å få fjerna inntil 10 dagar av fråveret frå vitnemålet i løpet av eit skuleår.

Krav om sletting av fråvere må framsettast kvart skuleår frå 8.–10. klasse.
Søknadsskjema vert levert til skulen fortløpande og seinast innan 1. juni i det året det vert søkt for.

 

For å få sletta fråvere må fråveret skuldast følgjande årsaker:

  • Helseårsaker (må dokumenterast med legeerklæring).
  • Innvilga permisjon etter opplæringslova §2-11
  • Heilagdagar for elevar frå trussamfunn utanfor Den norske kyrkja 


Saman med søknaden må der ligge dokumentasjon der dette vert kravd, og som ikkje er levert tidlegare.

Når eleven er over 15 år, kan han/hun krevje sletting av fråvere utan at foreldra underteiknar.

Elev/foreldre kan i tillegg krevje at årsak til fråvere blir ført på et vedlegg til vitnemålet.

Det må leggast fram dokumentasjon på fråveret.

 

 

 

Kontaktpersonar

Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset