Klage på karakterar

Orientering om retten til å klage på karakterar i grunnskulen og generelle bestemmingar.

Dette er ei orientering om dei lovføresegnene som gjeld for å klage på karakterar. Orienteringa er skriven for avgangselevar i grunnskulen og til føresette med elevar i grunnskulen. Dersom det er noko de ikkje forstår, kan de ta kontakt med skulen.

 

Kva kan de klage på?


De kan klage på alle karakterar som skal førast på vitnemålet. Det vil seie både standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.
 

Klageretten gjeld også dersom eleven ikkje får standpunktkarakter.
 

Dersom de klagar på skriftleg eksamenskarakter, har de rett til å sjå oppgåvesvaret til eleven og til å få framlagt retningsliner for sensuren, hos rektor. Når det gjeld andre karakterar, har de rett til å krevje grunngjeving for karakteren før de bestemmer dykk for å klage.
 

 

Kven kan klage på karakter?
 

Eleven, eller den eleven gjev skriftleg fullmakt til, har rett til å klage på karakter.
 

Dersom eleven er under 15 år, må dei føresette samtykke i klagen. Føresette til elevar som er umyndige har sjølvstendig klagerett. Det betyr at dei har rett til å klage sjølv om eleven ikkje er samd i det.
 

 

Korleis klagar de?
 

Klagen må vere skriftleg, og den må underteiknast av den som har rett til å klage (sjå ovanfor).
 

Det må stå i klagen kva de vil klage på.
 

Dersom de klagar på karakter etter skriftleg avgangsprøve, treng de ikkje å skrive grunngjeving for klagen. Dersom de klagar på standpunktkarakter, på karakter i orden og åtferd eller munnleg avgangsprøve, bør klagen grunngjevast.
 

Klagen skal sendast til driftssjef ved skulen. Driftssjef sender klagen og uttale frå skulen vidare til Fylkesmannen, som er klageinstans. Klagen skal ikkje sendast direkte til Fylkesmannen, det vil forseinke handsaminga av klagen.
 

 

Når er klagefristen?
 

Klagefristen er 10 dagar, og fristen vert rekna frå det tidspunkt eleven og dei føresette er gjort kjende med karakteren (eller burde gjort seg kjende med den). Dersom de ber om grunngjeving for karakteren, vert klagefristen avbroten. Ny frist gjeld frå det tidspunktet de har fått grunngjevinga.

 

Ved klage på standpunktkarakterar
 

Når skulen sender klagen til Fylkesmannen, skal faglæraren si grunngjeving for karakteren leggast ved. Det skal også leggast ved ein uttale frå rektor om korleis skulen har handsama saka. De som har klaga skal ha ein kopi av skulen sin uttale.
 

Klagen dykkar og opplysningar frå skulen vil saman vere grunnlag for Fylkesmannens si handsaming av saka.
 

Det er viktig å vere klar over at Fylkesmannen berre skal ta stilling til om gjeldande reglar for karaktersetting er følgde. Fylkesmannen skal ikkje overprøve læraren sitt faglege skjønn. Det betyr at Fylkesmannen ikkje skal ta stilling til om karakteren er riktig i høve det faglege nivået til eleven.
 

 

Her ser du døme på reglar som skal vere følgde:
 

  • Faglærer skal beskrive kva eleven kan i forhold til kompetansemåla i læreplanen for faget.
  • Vurdering i orden og åtferd skal ikkje vere blanda saman med vurdering i det enkelte faget.
     

Dersom du får medhald i klagen din, sender Fylkesmannen saka tilbake til skulen. Driftssjef og faglærar skal gjere ei ny vurdering av saka, og driftssjef set endeleg karakter.
 

De bør vere merksame på at medhald i klagen ikkje nødvendigvis fører til at du får ein betre karakter. Når driftssjef og faglærer gjer ei ny vurdering, kan driftssjef bestemme om karakteren skal endrast eller bli ståande.
 

Den nye avgjerda skal grunngjevast. De kan ikkje klage på den endelege karakteren.

 

Ved klage på karakter i orden og åtferd
 

Dersom eleven har fått karakteren Nokså god eller Lite god i orden og åtferd, skal han/ho ha fått ei skriftleg varsling.
 

Dersom de klagar på karakteren, skal skulen leggje ved uttale frå kontaktlæraren til eleven og frå driftssjef. Så vert klagen sendt til Fylkesmannen.
 

 

Skulen skal leggje ved følgjande dokument:
 

  • ei fyldig grunngjeving for karakteren
  • kva tiltak skulen har gjort for å rette karakteren
  • kva karakterar du har fått i orden og åtferd tidlegare
  • opplysningar som viser at eleven og dei føresette har mottatt skriftleg varsling om fare for at ordens- og åtferdskarakteren kan bli sett ned
  • utskrift av protokoll som viser korleis skulen har handsama saka, eventuell korrespondanse med heimen, og anna relevant dokumentasjon
  • kopi av ordensreglementet på skulen
     

 

Eleven og dei føresette skal ha kopi av all dokumentasjon.
 

Dersom Fylkesmannen kjem til at det er grunnlag for å gjere om vedtaket, er det Fylkesmannen (ikkje driftssjef) som fastset ny karakter. Den nye karakteren vil bli fastsett på grunnlag av dei opplysningane som ligg føre. Karakteren vert endra eller vert ståande. Fylkesmannen si avgjerd er endeleg.
 

 

Ved klage på skriftleg eksamen
 

Ved klage på karakter etter skriftleg eksamen, opprettar Fylkesmannen ei klagenemnd som består av 3 medlemer. Medlemane i klagenemnda skal ikkje ha sensurert oppgåvesvaret til eleven tidlegare, og dei skal ikkje vere tilsett ved den skulen eleven går på.
 

Klagenemnda skal ta stilling til om karakteren som er sett, er urimeleg. Dersom nemnda kjem til at karakteren er urimeleg, skal det settast ny karakter. Dersom karakteren vert endra, vert den vanlegvis sett opp. De bør likevel vere klar over at karakteren kan verte sett ned etter klagehandsaming.

 

 

Ved klage på munnleg eksamen
 

Ved munnleg eksamen kan det berre klagast på formelle feil. Feila må vere slik at dei kan ha vore avgjerande for resultatet.
 

Driftssjef hentar inn uttale frå sensor og faglærar, og sender desse saman med sin eigen uttale til Fylkesmannen. Kopi av uttalene skal sendast til elev og føresette.
 

Dersom de får medhald i klagen, opphevar Fylkesmannen karakteren til eleven.
 

Dersom eleven ønskjer det, kan det haldast ny eksamen. Det skal trekkast fag på nytt og det er ikkje sikkert eleven blir trekt ut i det same faget. De får melding om faget med same frist som ved ordinær eksamen.

Kontaktpersonar

Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset