Heimeundervisning

Heimeundervisning inneber at føresette sjølve underviser barna sine. 

Retten til privat heimeundervisning er fastslått i opplæringslova § 2-1 om «tilsvarande undervisning» og § 2-13 om «privat grunnskuleopplæring i heimen».

Den private heimeundervisninga skal svare til den som blir gitt i offentleg grunnskule.

 

Bremanger kommune sin rutine for å sikre tilsyn med elevar som får privat heimeundervisning er heimla i opplæringslova og rundskriv Udir-05-2013. Rutinen er ein del av systemet til skuleeigar i samsvar med opplæringslova § 13-10.

 

Vilkår for heimeundervisning

  • Opplæringslova gir foreldre rett til å undervise eigne barn.
  • Undervisninga som blir gitt heime skal svare til undervisning som blir gitt i offentleg grunnskule. Mellom anna må foreldra ha nødvendige føresetnader for å drive opplæring, sjølv om dei ikkje treng å ha formell lærarkompetanse. Det er opp til kommunen å avgjere gjennom tilsyn om foreldra er tilstrekkeleg kvalifiserte.
  • I kravet til tilsvarande opplæring vil det likevel ligge eit krav om kvaliteten på opplæringa.
  • Det er eit krav om at læreplanverket skal følgjast.
  • Retten elevane har til spesialundervisning, særskilt språkopplæring, teiknspråkopplæring, vurdering og gratis skulemateriell fell bort.
  • Foreldre kan ikkje krevje å få dekt utgifter til lærebøker og undervisningsmateriell.
  • Eleven får ikkje vitnemål med karakterar. Det er viktig at foreldre, og ungdom som får privat heimeundervisning, blir gjort merksame på at dei ikkje har rett til ordinært vitnemål frå grunnskulen. Kommunen skal i staden skrive ut ein dokumentasjon på at grunnskulen er fullført. Ungdom som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring, har rett til tre års fulltid vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-1. Ved inntak til vidaregåande skule vil ungdom som har hatt privat heimeundervisning bli tatt inn på individuelt grunnlag. Meir informasjon om inntak til vidaregåande opplæring kan ein finne på www.vilbli.no
  • Privat heimeundervisning krev ikkje førehandsgodkjenning. Det er ikkje nødvendig å søkje om dette. Foreldre må melde frå i god tid til kommunen/skulen før dei startar opp med undervisning av eigne barn. Det er viktig å planlegge det faglege innhaldet og tilsynet før heimeundervisning startar.
  • Når Bremanger kommune har fått melding om privat heimeundervisning, vil vi ta kontakt og invitere til eit oppstartmøte der vi avtalar rutinar rundt heimeundervisninga og tilsyn.

 

Foreldreansvar ved val av privat heimeundervisning

Den eller dei som har foreldreansvaret har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet (jf. barnelova § 30 første ledd). Dette omfattar òg val av opplæring. Der foreldre har felles foreldreansvar, er hovudregelen at begge må samtykke i val av privat heimeundervisning. Er dei ikkje samde, er hovudregelen at barnet skal gå i offentleg grunnskule.

 

Har foreldra felles foreldreansvar, men barnet bur fast med den eine, kan den andre forelderen ikkje setje seg mot avgjerd som gjeld «vesentlege sider ved omsorga til barnet» (jf. barnelova § 37), eksempelvis avgjerd om privat heimeundervisning. Råderetten til foreldra er likevel avgrensa av barnet sin med- og sjølvråderett. Barnet si meining skal vektleggast etter alder og modning, og frå barnet er 12 år skal det leggast stor vekt på kva barnet meiner (jf. barnelova §§ 31-33).

 

Barn som har fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmålet om "val av utdanning" (jf. barnelova § 32), og eventuelt samtykke blir òg innhenta frå han/henne. Barn som har fylt 15 år kan sjølv velje å avslutte opplæringa gitt av foreldra for å fullføre grunnskulen i den offentlege skulen.

 

Bremanger kommune sitt system for tilsyn med undervisninga

Etter opplæringslova § 14-3 har kommunen heimel til å føre tilsyn med privat heimeundervisning. Det inneber at kommunen har både rett og plikt til å føre slikt tilsyn. Tilsynet skal utførast av pedagogisk personale. Bremanger kommune ved skuleeigar kan delegere den praktiske gjennomføringa av tilsynet til driftssjef ved nærskulen.

 

Vi ber foreldra om å utarbeide ein skriftleg plan for opplæringa heime. Vi ber òg foreldre om kvart år å levere ein skriftleg rapport om innhald og gjennomføring av undervisninga for barna.

 

Tilsynet skal innehalde:

  • Samtale med elevane/føresette om heimeundervisninga.
  • Reflektere innhald i opplæringa og læringsresultat hos elevane i høve til kompetansemåla i læreplanverket.
  • Presentasjon av ulike elevarbeid.
  • Ved behov kan barna bli kalla inn til særskilde prøver.

 

Samarbeid skule – heim

Heimeundervisning og tilsyn krev eit godt samarbeid.

Dersom skulen ikkje får gjennomført tilsyn på ein forsvarleg måte, eller kjem til at heimeundervisninga i heimen ikkje svarar til den grunnskuleopplæringa som blir gitt i offentlege skular, skal kommunen fatte enkeltvedtak om dette. Kommunen skal krevje at barnet startar på skulen.

 

Lover og retningslinjer

Opplæringslova §§ 2-1, 2-13 og 14-3

Kontaktpersonar

Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset