Kva er ein planstrategi?
Ein planstrategi er eit verktøy kommunen skal ha for å prioritere og styre planleggingsarbeidet i ein valperiode. Den skal beskrive kva planoppgåver som skal prioriterast og om kommuneplanen din samfunnsdel og arealdel skal reviderast eller ikkje i denne kommunestyreperioden. Planstrategien er ikkje ein plan i seg sjølv, men eit hjelpemiddel for kommunestyret til å legge føringar for planlegginga.
Kommunen må byggje på kunnskap vi har om kommunen, og vi er lovpålagt å gje særskilt merksemd til dei utfordringane som er peika på i Folkehelsedokumentet (nedanfor) til kommunen. Andre aktuelle informasjonskjelder er Klimaprofilen for Sogn og Fjordane.
Framlegget og andre relevante dokument
Framlegget til planstrategien i Framsikt
Vedtak om offentleg høyring (PDF, 108 kB)
Folkehelseoversikt (PDF, 15 MB)
Heile saka i Postlista vår
Sende inn merknad
Privatpersonar, bedrifter og lag og organisasjonar kan sende inn merknad. Offentlege instansar og grendalag i kommunen har blitt varsla direkte.
Høyringsfristen er 4. august 2025.
Du sender merknaden på e-post til post@bremanger.kommune.no eller som brev til Bremanger kommune, Postboks 104, 6721 Svelgen.