Holmaneset H2 AS søkjer om konsesjon i medhald av energilova om å byggje Holmaneset transformatorstasjon og to sett 132 kV jord- og sjøkablar for tilknyting av produksjonsanlegg for grønt hydrogen og grøn ammoniakk.
Holmaneset transformatorstasjon er planlagd inne på industriområdet til produksjonsanlegget. Dei to jord- og sjøkabelsetta skal gå frå Svelgen transformatorstasjon fram til Holmaneset transformatorstasjon.
Det er planlagt å etablere to sett med 700 meter lange jordkablar frå Svelgen transformatorstasjon fram til landtak i Svelgen. Vidare vil dei etablere ein 7,3 km lang sjøkabel fram til landtak ved Holmaneset. På siste strekket vil dei etablere 300 meter med jordkablar inn til Holmaneset
Søknaden kan sjåast på NVE si nettside.
Har du merknadar til planen?
Merknadar skal sendast til NVE innan 20. desmber 2024.
- via skjema for fråsegner, som de finn på NVE si nettside
- via e-post til nve@nve.no (merk e-posten med “høyringsuttale” og saksnummer 202320361 i emnefelt, og skriv namn og/eller organisasjonsnummer i innleiinga)
- via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO
Send gjerne kopi av merknaden til Bremanger kommune