Godkjend spreieareal
Du kan berre spreie gjødselvarer på fulldyrka og overflatedyrka mark. Det kan spreiast gjødsel på innmarksbeite, men kun om du har fått godkjenning frå kommunen. Dette gjelder både husdyrgjødsel og mineralgjødsel.
Det er eit krav at areal som blir gjødsla også skal haustast eller beitast.
Innmarksbeitet skal vere godkjent av kommunen for spreiing av gjødsel. Det må foreligge eit vedtak på godkjenninga. Om dette ikkje føreligg så må ein sende ein ny søknad om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal.
Du kan søkje og få løyve til å spreie anten berre mineralgjødsel, eller både mineralgjødsel og husdyrgjødsel.
Innmarksbeite som er godkjent som spreieareal skal også brukast som spreieareal årleg.
Søknadsskjemaet for godkjenning av innmarksbeite som spreieareal
Gjødsling ved vassdrag
I naturlege vegetasjonssoner mot vassdrag (bekk, elv, innsjø) kan du ikkje gjødsle.
På dyrka mark må sona vere minst to meter brei målt frå normalvasstanden.
På innmarksbeite som er godkjent som spreieareal, kan du ikkje spreie gjødsel nærare enn 6 meter frå vassdrag .
Har du nok spreieareal?
Du kan bruke fosforkalkulatoren til Landbruksdirektoratet for å rekne ut kor mykje gjødsel du har lov å spreie på arealet ditt.
Gjødselskalkulatoren til Landbruksdirektoratet (lenkje i artikkel)
Spreietid
Spreietida er frå 1. mars til 15. september. Du må hauste eller etablere plantevekst etter siste spreiing. Beiting reknast som hausting.
Silopressaft kan spreiast fram til 15. september utan at det må haustast eller etablerast plantevekst etterpå.
Spreiing på snødekt eller frossen mark er ikkje tillate.
Gjødslingsplan
Frå 2026 skal alle som disponerer og gjødslar meir enn 25 dekar per år, ha gjødslingsplan. Planen skal vere klar før vekstsesongen tek til og den skal ha eit kart som viser arealinndelinga/skifta.
Om det skjer endringar i løpet av vekstsesongen skal planen oppdaterast. Har du ei enkel drift med lite endring frå år til år, kan du få løyve til å ha fleirårig gjødselplan.
Kommunen kan ikkje lengre gje fritak frå gjødslingsplan. Fritak som kommunen har gitt tidlegare kan gjelde for 2025, men vil ikkje vere gjeldande frå 2026 når forskrift om gjødslingsplanlegging blir oppheva.
For kvart skifte du disponerer skal planen ha opplysningar om:
- Utstrekning i dekar.
- Godkjende jordprøver som ikkje er eldre enn 8 år.
- Forgrøde.
- Kva vekstar som skal dyrkast i år.
- Forventa avlingsnivå per dekar.
- Gjødslingsbehov for nitrogen og fosfor per dekar.
- Gjødselslag som skal brukast.
- Planlagt tilførsel av fosfor- og nitrogen per dekar oppgitt i kilogram.
- Når du skal rekne ut gjødslingsbehovet og velje gjødselslag, må du ta utgangspunkt i jordprøvene, forgrøden, type vekst og forventa avlingsnivå.
- Korleis eit eventuelt overskot av husdyrgjødsel skal handterast.
Gjødseljournal
Alle som bruker gjødselvare skal føre gjødseljournal frå og med 2026. Den skal kunne leggjast fram for kontroll seinast 1. november det året gjødslinga er gjennomført.
Gjødseljournalen skal vise:
- kor og når det er gjødsla,
- kva for type og mengde gjødsel som er brukt
- kor mykje fosfor og nitrogen som er tilført kvart areal og kor mykje total-nitrogen og total-fosfor som er påført.
Du må føre journal dersom du tar imot gjødsel som tilsvarar meir enn 75 kg fosfor i løpet av eit år. Dette gjeld dersom du til dømes kjøper inn gjødsel, tek imot avløpsslam, tek i mot gjødsel for vidareformidling, eller om du stiller areal til disposisjon for nokon som spreier husdyrgjødsel på areal du disponerer. Dette er eit krav frå og med 2026.
Journalen må vise:
- Mengd og type gjødsel
- Mengd totalfosfor (kg)
- Dato det er mottatt
- Kven du fekk gjødsla frå
- Viss du mottek avløpsslam, må du i tillegg dokumentere innhaldet av plantetilgjengeleg fosfor.
Du skal kunne legge fram gjødslingsplan og gjødseljournal for kontroll i 5 år. Det vil seie at ein plan/journal laga for vekstsesongen 2026 må takast vare på fram til utløpet av 2031.
Det same gjeld for journalar og rapportar over gjødselvarar du har motteke eller bortskaffa.
Søknadsskjema for spreiing på innmarksbeite
Forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv. (Lovdata)