Kven er ansvarleg for å oppfylle driveplikta?
Eigar skal drive sjølv, eller leige ut areala på dei vilkåra lova set. Driveplikta er ei personleg plikt som varer i heile eigarperioden. Ved eigarskifte skal ny eigar innan eit år ta stilling til kven som skal drifte areala.
Leige av jordbruksareal
Driveplikta kan oppfyllast ved at arealet vert leigd bort til ekstern driftar.
Driveplikta kan oppfyllast ved at arealet vert leigd bort. Ein føresetnad ved bortleige er at eigar og leigetakar skriv ein avtale på 10 år. Eigar har ikkje høve til å seie opp denne avtalen. Dersom det går fram av avtalen, kan leigetakar seie opp avtalen før tiårs-perioden er ute. Avtalen kan fornyast etter ti år. Avtalen må føre til driftsmessig gode løysingar, og vere skriftleg.
Dersom kommunen meinar at kontrakten ikkje oppfyller vilkåra, blir eigar og leigetakar orientert om dette og må då ta stilling til om kontrakten skal omgjerast eller hevast.
Mal for avtale om jordleige. (PDF, 133 kB)
Kopi av avtala sendast til kommunen.
Fritak frå driveplikta
Dersom grunneigar ikkje driv sjølv, eller får leigd ut areala sine, må det søkjast om fritak frå driveplikta. Kommunen handsamar søknaden og kan gje fritak for ei viss tid, eller varig fritak.
- Kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
- Storleiken på arealet
- Avkastingsevne
- Om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i området
- Eigar sin livssituasjon
Ved brot på driveplikta
Dersom jordbruksareala ikkje vert drivne i samsvar med lova, kan kommunen gje pålegg om at jorda skal leigast ut for inntil 10 år. Der ein ikkje finn løysing for drift, kan kommunen gje pålegg om tiltak som sikrar landskapsomsynet. Ved brot på driveplikta kan det, i følgje § 20 i jordlova, fastsetjast tvangsgebyr.