Kunngjering av vedteken plan – områderegulering Holmaneset, planid. 4648.202301

Kommunestyret i Bremanger gjorde i møte 18.desember 2025, sak 049/25, nytt vedtak om godkjenning av områderegulering for Holmaneset, planid. 4648.202301. 

Planen vart godkjend av kommunestyret i Bremanger 20.03.2025, sak 003/25, men planvedtaket vart oppheva av Statsforvaltaren i Vestland 07.10.2025. Kommunestyret har no gjort nytt vedtak om godkjenning av områdereguleringsplanen, og planen vert difor kunngjort på nytt. 
    
Områdereguleringsplanen vert med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Les meir om endringar av plankart, føresegner og planbeskriving etter høyring og offentleg ettersyn i møteprotokollane frå KST-049/25 Områderegulering Holmaneset, planid. 202301 - ny slutthandsaming etter oppheving av planvedtak og KST-003/25 Områderegulering Holmaneset, planid. 202301 - handsaming etter offentleg ettersyn.  

Plandokument

Alle plandokumenta kan sjåast i det digitale planarkivet arealplaner.no | 202301 > Beskrivelse 
Saksutgreiing til sak KST-049/25 er nytt dokument i saka, elles er plandokumenta uendra etter tidlegare planvedtak og kunngjering.

Klage

Eventuell klage på vedtaket må sendast skriftleg til Bremanger kommune, Pb. 104, 6721 Svelgen eller post@bremanger.kommune.no innan 29.januar 2026.

Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42.