I tidsrommet 15. april–15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og mark, utan særskilt løyve. Jonsok, også kjent som sankthans, er 24. juni, som i år er ein tysdag. Det markerer mange med bål på jonsokaftan, kvelden før.

Tips til trygg bålbrenning
Endestad seier det tradisjonelt har gått greitt med feiringa i vårt område. Beredskapssjefen ber likevel folk ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold, og seier det alltid er den som fyrer opp som har ansvar for at bålet er trygt.
–Ein vaksen person bør vere ansvarleg, seier han. Vidare må bålet vere i god avstand frå busetnad og vegetasjon, og det er ikkje lov å brenne på svaberg.
Endestad seier bålet ikkje må vere større enn at du har kontroll på det og kan slokke ved behov. Derfor er det viktig å ha sløkkemiddel lett tilgjengeleg. Han legg til at ein ikkje kan hive kva som helst på flammane:
–Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna avfall. Og når du forlèt bålplassen skal bålet vere heilt sløkt.
Meir informasjon om reglar og søknad
Bålbrenning i Bremanger kommune
Kontakt Robert Endestad om du har spørsmål: robert.endestad@kinn.kommune.no
Historisk tradisjon
Tradisjonen med å tenne bål på jonsokaftan går langt tilbake i norsk historie. Nikolai Astrup, som er fødd i Kalvåg, er vel den kunstmålaren på Vestlandet som har skildra slike bål best.
Jonsokfeiring er i folketrua kopla til hekser og skrømt. Bloksberg i Tyskland og Lyderhorn i Bergen er rekna som heksefjell, men det er også Hornelen i Bremanger.
Ifølgje segner samla av Høgskulen på Vestlandet (Segner på Vestlandet) har Hornelen gjennom hundreåra trekt til seg hekser frå fjern og nær denne kvelden i juni. I uminnelege tider har jonsok vore ei hending der dei kom flygande på sopelimane sine. Høgskulen skriv at på jonsoknatt samla alle trollkjerringane i Nordfjord seg på Hornelen saman med Gamle-Eirik for å ha det moro.
Om dei har søkt om løyve til å tenne bål denne gongen, veit vi ikkje.
