Om kommunalteknikkKommunalteknikk består av einingane: Bygg og eigedom Bygg- og eigedomseininga forvaltar bygningsmassen som kommunen eig. Den er på omtrent 45 000 kvadratmeter. VAR Vatn, avløp og renovasjon (VAR) omfattar offentleg infrastruktur som vassforsyning, avlaupshandtering, over-vass-handtering og demningar. Gå til kommunen sin side om vatn Veg og anlegg Avdelinga veg og anlegg har ansvar for kommunale vegar og anlegg. Vi arbeider med fleire entreprenørar om vedlikehald på vegane om både sommaren og vinteren.Gå til kommunen sin side om veg Hamn Hamnavdelinga driftar og vedlikeheld kommunale hamner. Vi leiger ut tenester innan hamn til andre kommunar og jobbar med utviklingsprosjekt.Dei kommunale hamneneSvelgen kaiLeirgulen kaiSmørhamn kaiKalvåg kaiKalvåg fiskerihamn Hushaldningsavfall Det interkommunale selskapet Nomil IKS handterer hushaldningsavfall.Gå til kommunen sin side om renovasjonNOMIL sin heimeside Reinhald Reinhaldseininga syter for reinhaldet på formålsbygg, blant anna oppvekstsenter, helsestasjonar, omsorgssenter og rådhuset. Brann Brann og redning har ansvaret for feiing/tilsyn, brannberedskap gjennom fire brannstasjonar og to depot. SvelgenHaugeKalvågDavikdepot i Rugsunddepot i Berle Beredskap Kommunen har beredskapslager mot akutt forureining på vegne av Nordfjord IUA, der brannavdelinga har ansvar for vedlikehald og ettersyn. Publisert 10.06.2024 18.42 Sist endra 07.11.2024 10.37