Einskild høve

Skjenkeløyve for einskild høve gjeld arrangement som er opne for publikum.

Døme på dette er dans eller festivalar.

 

Det må vere ein person som er ansvarleg for skjenkinga og ein stedfortredar, desse må vere over 20 år.

Søknaden må innehalde stad for arrangementet, kor mange personar som er venta, kva som skal skjenkast, ønskja skjenketid og namngjevne vakter.

Det må søkjast i god tid før arrangementet skal finne stad, minimum 2 veker.

Kommunen vil oftast innhente uttale frå lensmannen når det gjeld desse arrangementa.

 

Krav om vakthald:


Vi krev namn og fødselsdato på vakter ved arrangement.

  • Arrangement for 0-100 personar krev vi 4 vakter
  • Arrangement for 101-250 personar krev vi 5-8 vakter
  • Arrangement for 251-500 personar krev vi 10-15 vakter
  • Arrangement for 501-1000 personar krev vi 15-20 vakter

For arrangement med meir enn 1000 deltakarar skal du som arrangør varsle politiet i god tid i førevegen.

 

Bevillinga kan gjelde:

  •  Alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol.
  • Alkoholhaldig drikk med lavare alkoholinnhald enn 22 volumprosent.
  • All alkoholhaldig drikk.


Arrangementsavgift:

  • Arrangement for 0 til 100 personar skal betale kr. 340,-.
  • Arrangement for 101 til 250 personar skal betale kr. 680,-
  • Arrangement for 251 til 500 personar skal betale kr. 1020,-
  • Arrangement for 501 til 1000 personar skal betale kr. 1.360,-


Dersom tal deltakarar avviker frå det som er oppgjeve kan kommunen føreta etterrekning.


Faktura vert tilsendt frå Bremanger økonomikontor.
 

Kontaktpersonar

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset