Ambulerande skjenkeløyve

Du kan søkje om ambulerande skjenkeløyve om du ønskjer å skjenke alkoholhaldig drikk mot betaling i eit slutta lag.

Slutta lag

Slutta lag vil seie at ein på førehand veit kven som skal vere med på arrangementet.

Det må vere ein person som er ansvarleg for skjenkinga og ein stedfortredar, desse må vere over 20 år. Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve i alkohollova.
 

Søknaden må innehalde stad for arrangementet, kor mange personar som er venta, kva som skal skjenkast, ønskja skjenketid og namngjevne vakter.
 

Det må søkjast i god tid før arrangementet skal finne stad. Minimum 2 veker.


Du treng ikkje ambulerande skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestane har med seg alkoholhaldig drikk eller du serverer alkohol utan betaling.

 

Krav om vakthald:

Vi krev namn og fødselsdato på vakter ved arrangement.

  • Arrangement for 0-100 personar krev vi 4 vakter
  • Arrangement for 101-250 personar krev vi 5-8 vakter
  • Arrangement for 251-500 personar krev vi 10-15 vakter
  • Arrangement for 501-1000 personar krev vi 15-20 vakter

For arrangement med meir enn 1000 deltakarar skal du som arrangør varsle politiet i god tid i førevegen.

 

Bevillinga kan gjelde:

  • Alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • Alkoholhaldig drikk med lavare alkoholinnhold enn 22 volumprosent.
  • All alkoholhaldig drikk.
     

For ambulerande skjenkeløyve skal det betalast eit gebyr på kr. 360,- for kvart tildelt løyve. Gebyret skal normalt betalast før løyvet vert nytta.
 

Kontaktpersonar

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset