Reguleringsendring Kalvøya
Kunngjering - mindre reguleringsendring Kalvøya, PlanID 1438.2019.01
Formannskapet i Bremanger vedtok i møte 05.12.2019, sak FSK-117/19, ei mindre endring av reguleringsplanen for Kalvøya industriområde (planID 1438.2012.04), i medhald av plan- og bygningslova §12-14, 2.ledd og delegasjonsreglementet for Bremanger kommune. Reguleringsendringa har planID 1438.2019.01.
Planvedtaket blir med dette kunngjort i medhald av plan- og bygningslova § 12-12. Planendringa gjeld utviding av byggjeområde for naust på sørsida av sundet og tilsvarande reduksjon av byggjeområde for industri på nordsida av sundet. Planendringa medfører ikkje nye formål, og endrar ikkje føresegnene til reguleringsplanen.
Mindre reguleringsendring Kalvøya (PDF, 460 kB)
Mindre endring av detaljregulering for industriområde på Kalvøya (PDF, 583 kB)
Føresegner (PDF, 257 kB)
Publisert av Kristoffer Mandelid Totland
Sist endra 13.03.2020 10.17