Skjenkeløyve alminneleg (nytt)Dersom du skal starte ein serveringsstad og ynskjer å skjenke alkohol, må du ha både serverings- og skjenkeløyve. Søk om serveringsløyve her.Har du serveringsløyve frå før og ønskjer å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve. Krav til dei som skal skjenke Styrar og vara for løyvet må ha bestått kunnskapsprøvaStyrar og vara ved skjenkestaden må vere over 20 årStyrar og vara må vere tilsett ved skjenkestaden eller arbeide der i kraft av at dei eig skjenkestadenDet er krav om uklanderleg vandelVed eigarskifte må det søkjast om nytt løyve Korleis søkje skjenkeløyve? Søknadsskjemaet er elektronisk. Søk om skjenkeløyveVedlegg som må følgje søknadenDokumentasjon på at styrar og vara på skjenkestaden har bestått kunnskapsprøvaDokumentasjon på at styrar og vara er tilsett ved skjenkestadenStadfesta kopi av serveringsbevilling dersom det berre vert søkt om skjenkjebevillingFirmaattest for alle selskapa som er involverte i drifta av skjenkjestaden (Brønnøysundregistra)Planteikningar over arealet det skal skjenkast påKopi av melding til MattilsynetSkatteattestVandelsattest frå politiet Handsamingstid Kommunen handsamar søknaden innan tre månader etter at den fullstendige søknaden er komen inn. Vi sender søknaden på høyring til politiet og sosialtenesta.Merk deg at handsaminga kan ta lenger tid dersom høyringspartane har merknader til søknaden.Søknaden vert politisk handsama i kommunestyret. Lovar og reglar Alkoholpolitisk plan (PDF, 860 kB)AlkohollovaAlkoholforskriftaServeringslova Publisert 12.04.2024 14.31 Sist endra 01.11.2024 09.25