Produksjonstilskot i jordbruket

Føretak med husdyr- og/eller planteproduksjon kan søkje om produksjonstilskot. Produksjons- og avløysartilskot er ei fellesnemning for fleire tilskotsordningar i jordbruket. 

Vilkår for at føretaket ditt skal kunne få produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid:

  • Føretaket må vere registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund innan søknadsfristen (dvs. ha organisasjonsnummer).
  • Du må drive vanleg jordbruksproduksjon og disponere dei dyra og arealet det vert søkt om tilskot for.
  • Ein person kan ikkje vere medeigar i meir enn eitt føretak som søkjer tilskot til husdyr (med unntak for samdrifter for melkeproduksjon), eller meir enn eitt føretak som søkjer tilskot til same vekstgruppe.