Søknad om produksjons- og avløysartilskot skal sendast digitalt via Altinn.
Søk om produksjonstilskot og avløsertilskot i jordbruket
Søkjeprosessen er todelt. Husdyrprodusentar skal levere søknad både innan 15.mars (del 1 av søknaden) og innan 15.oktober (del 2 av søknaden). Planteprodusentar skal berre levere søknad innan 15.oktober (del 2 av søknaden). Du må levere søknaden før midnatt på datoen for søknadsfristen for at søknaden skal bli rekna som levert.
Du kan også søkje på papir, men vi tilrår at du søkjer elektronisk sidan det er raskt, sikkert og reduserer risikoen for feil i søknaden. Søknad på papir må vere levert til kommunen eller postlagt på datoen for søknadsfristen for å vere levert i rett tid.