Vil du gifte deg?

Frå og med 1. januar 2018 er det kommunane som har ansvar for borgarleg vigsel i Norge.
 

Kor og når kan vi gifte oss i Bremanger kommune?

Kommunestyresalen på Rådhuset eller Svelgen omsorgssenter er vigselslokale i Bremanger kommune. De kan ta kontakt med kommunen om de har spesielle ynskje, men vi kan ikkje love at alle ønskjer blir oppfylt.

Normalt kan de gifte dykk måndag til fredag mellom kl. 11.00 og kl.15.30.

Personar av same kjønn har rett til å inngå ekteskap (ekteskapslov av 01.01.2009)


Kva kostar det?


Bremanger kommune tek nomalt ikkje betalt for vigsel, men det kan føre til kostnadar for dykk å gifte seg på andre tidspunkt og på andre stadar enn det som er sett opp.

Bremanger kommune tilbyr òg vigslar til par som er busett i andre kommunar.

 

Kven kan vigsle?


I Bremanger kommune er det Ordførar Audun Åge Røys, Varaordførar Marius Strømmen og Rådmann Tom Joensen som kan vie deg.


Stadfesting og attestar

Før de kan gifte dykk  må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkår for å inngå ekteskap. Dersom de ynskjer å gifte dykk etter norsk rett kan kan de gjere dette digitalt.        

              

De loggar dykk inn via skatteetaten, inviterar forlovarar/vitner til å gjere det same med forlovarerklæring.De vil då på kort td få handsama ekteskapsprøvinga digitalt.

 

Har du vore gift før, må du i enkelte høve legge ved erklæring om skifte. Skal du endre namn må du fylle ut melding om namneendring. De vil så  få prøvingsattest og vedtaksbrev digitalt via AltInn De kan sende prøvingsattesten vidare til vigslar gjennom vidaresendingsfunksjonen i Altinn, eller ta med ein papirutskrift.

 

Dersom de vel å ikkje nytte dykk av den digitale tenesten gjer de slik :


Fyll ut dei skjema som ligg under og sende dei til det lokale skattekontoret. Behandlingstid  hos Skatteetaten er 2-3 veker. Skatteetaten skriv ut ein prøvingsattest som vert sendt til dykk i posten. Attesten er gyldig i fire månader.  Prøvingsattesten må de anten ta med til kommunen når de bestiller tid for vigsel, eller de må sende den til oss.

 

Eigenerklæringa inneheld ein rubrikk der du kan krysse av for at prøvingsattesten skal sendast til vigslar, er det aktuelt for deg så er adressa : Bremanger kommune, Servicekontoret, Pb 104, 6721 Svelgen.

 

Eigenerklæring:
Eigenerklæring

 

Forlovarerklæring:
Forlovarerklæring
 

Har du vore gift tidlegare :
Skifteerklæring
 

Skal du endre namn?
Namneendring

 

Bestilling av vigsel


Når de har fått Prøvingsattesten tek de kontakt med Bremanger kommune for å bestille vigsel.

De kan ta kontakt på telefon 57 79 63 00 eller på e-post post@bremanger.kommune.no
eller Hilde J. Midtbø på tlf. 959 82 970, e-post:
hj@bremanger.kommune.no

Hugs om de har spesielle ynskjer så er det greitt at de oppgjev dei ved bestilling av vigsel.


Språk


Vigselen kan skje på nynorsk, bokmål eller engelsk. For andre språk må brudeparet sjølve skaffe tolk.



Korleis føregår seremonien?


Brudefolk, forlovarar og gjestar bør møte opp 20 minuttar før avtalt tid for vigsel. De må vente utanfor seremonirommet til de blir vist inn. Det skal vere to vitner tilstades under seremonien, dette er vanlegvis forlovarane, men det kan òg vere to andre myndige personar.

Seremonien tek omlag 10-15 minutt.

 

Sjølve vigselen føregår ved at vigslar les ein fastsett tekst for borgarleg vigsel.
 

Om de vil utveksle ringar, gje beskjed om dette på førehand, gjerne når du bestiller tid for vigsel, eller sei ifrå til vigslar før seremonien startar. Ringane blir sett på når vigslar har erklært dykk som ektefolk.
 

I slutten av seremonien underteiknar brudeparet, vitna og vigslaren vigselprotokollen/-meldinga. Vigslar sender vigselprotokollen til Skatteetaten innan 3 dagar etter at ekteskapet er inngått. De får ein endeleg vigselsattest tilsendt frå Skatteetaten.
 

Om de vil ha musikk eller diktlesing under seremonien er det greitt at vi veit om det på førehand.


De kan ha fotografering under og etter seremonien om de ynskjer det.

 

Vigselprotokollen er offentleg. Bestilling av vigsel og alle andre dokument er ikkje offentlege.

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 29.06.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering