Fjordane Friluftsråd lyser ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling. Her inviterer vi lag/organisasjonar, bedriftar og skular til å søkje om midlar til tiltak som kan vere med å bekjempe forsøpling i naturen. Midlane kan brukast til å dekke kostnadar knytt til ryddeaksjonar eller førebyggande tiltak.
For å søke kan du fylle ut eit skjema på Fjordane Friluftsråd si nettside.
Søknadsfrist er 14. september 2025, men søknader blir teke i mot fortløpande. Neste utlysing blir våren 2026.
1. Kven kan søke om tilskot?
- Stiftingar registrert i einheitsregisteret, frivillige og ideelle organisasjonar.
- Private verksemder, som ikkje er enkeltpersonforetak.
- Sjølvstendige kommunale/interkommunale selskap og samarbeidsorgan.
- Foreiningar / lag, som t.d.: skular, korps, idrettslag, bygdelag, avfallsselskap osv.
Vi delar ut midlar til tiltak i medlemskommunene våre og tilgrensande kommunar; Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad, Stryn, Høyanger, Hyllestad, Fjaler, Sunnfjord og Gloppen.
Desse kan IKKJE søke:
• Offentlige organ (f.eks. kommunar).
• Privatpersoner og enkeltpersonforetak.
NB: Privatpersonar som har kostnader knytt til strandryddeaksjonar kan ta kontakt med Fjordane Friluftsråd, eller søke refusjon hos Hold Norge Rent
2. Kva kan eg søke om tilskot til?
Motivasjonsmidlar skal nyttast til opprydding av marin forsøpling og utgifter knytt til slike aksjonar.
Som t.d.:
- Transport av frivillige til og frå ryddeområdet.
- Mat og overnatting i samband med ryddeaksjonar.
- Leige av utstyr, refusjon av drivstoff og bruk av privat båt/bil/hengar/ATV/traktor
Motivasjonsmidlar kan IKKJE brukast til:
- Lønn eller administrative utgifter, bruk av motivasjonsmidler skal ikkje undergrave prinsippet om at opprydding skal baserast på dugnad og frivilligheit.
- Prosjekt utanfor Norge.
- Bestilling av transport og handtering av avfall til godkjent mottak. Dette blir fakturert direkte til Fjordane Frilufstråd av godkjent avfallsmottak
Oppgje Fjordane Friluftsråd som fakturamottakar ved levering og handtering av avfall. De kan også nytte våre avfallskonteinarar forbeholdt marint eigarlaust avfall. Sjå oversikt over innleveringsplassar for marint avfall her.