Tilskot til inkludering av barn og unge 2026

Tilskotsordninga “Tilskudd til inkludering av barn og unge” er no lyst ut for 2026.

Mål og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen fra 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Kven kan søkje:

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

Frist for å søkje:

31. oktober 2025

Slik søkjer du:

  • Sett deg inn forskrifta og informasjonen på ordninga si nettside.
  • Send inn søknad i Bufdirs søknadsportal for tilskudd. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytte søknadsskjema 2. Søknaden skal knyttast til ein deltakande kommune (sjå tilskotssordninga si nettside for unntak frå denne regelen). Ein kan søkje om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå ordninga si nettside for meir informasjon om aktivitetstypar)

Etter at du har sendt søknaden

Slik blir søknadane behandla:

Søknadar som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadane på politisk eller administrativt nivå.

Etter at kommunen er ferdig med rangeringa set Bufdir i gong med den endelege saksbehandlinga av søknadane. Det vil vere informasjon på Bufdir sine nettsider om forventa saksbehandlingstid.

Kontaktpersonar i Bremanger kommune er Norvall Klungresæter og Bodil Strømmen Edvardsen.