Turstiar og toppturar

Vi kan friste med spreke toppturar, dagsturhytter og nærast urørte perler av naturattraksjonar i kommunen. 

Nyttig informasjon

DNT-arrangement i kommunen

Allemannsretten

Hugs å ha sporlaus ferdsel: plukk opp søppelet ditt og vis omsyn til naturen rundt deg. 

Hornelen – Europa si høgste sjøklippe

Hornelen, med sine 860 meter over havet, er den høgste sjøklippa i Europa. 

Hornelen består av sylkvass konglomerat-sandstein frå devonsk tid – altså gammal havbotn! Det er ei stor sprekk nær toppen der ein kan sjå «uendeleg» ned. På grunn av denne og andre rifter, fekk sjøfolk forbod mot å bruke skipsfløyta når dei passerte under Hornelen. Gjorde dei det, kunne vibrasjonen føre til at fjellstykket ramla ut og skapte ei flodbølgje.  

Hornelen ligg mellom ei av dei største steinalderbusetningane vi kjenner til, Skatestraumen, og helleristningsfeltet Vingen. Dette tyder på at fjellet kan ha hatt ein sentral posisjon i fortida si gløymte historie. 

Segn og myte

Det har blitt danna ein del segn om Hornelen. I Heimskringla frå 1200-talet, er det sagt at Olav Tryggvason klatra opp i fjellveggen og festa skjoldet sitt øvst i fjellveggen. Då ein av hirdmennene prøvde å klatre opp for å hente skjoldet, gjekk han seg fast, og kom seg korkje opp eller ned. Då klatra Olav opp igjen, tok mannen under eine armen og klatra ned. Ei anna myte er at Hornelen er samlingsplass for hekser frå heile Europa, der dei møter opp både julenatta og jonsoknatta for å danse og halde fest saman med Fanden sjølv. 

Turen opp

Turen til toppen av Hornelen tar 3-4 timar opp. Du kan gå frå Hornskor eller frå Berleneset. Det er parkering ved Hornskor. 

Det er også oppretta tilrettelagde klatreløyper opp Hornelen gjennom Hornelen Via Ferrata sine tre løyper; Ørnelia, hekseveggen og Olavsrute. Alle klatreturane må gjennomførast med guide.  

Koordinatane på toppunktet: 61°51'20.73"N 5°14'49.31"Ø

Vetvika

Vêrutsette og veglause Vetvika blei heilt fråflytta i 1951, og var lenge ein hemmeleghei berre eit fåtal av folk i Bremanger viste om.

I Vetvika møter den kritkvite fine sandstranda det azurblå havet der bølgene rullar inn frå storhavet. Ein har grøne bakkar med spesielle planteførekomstar som dekker til sanddynene som strekker seg heilt opp til dei loddrette svarte klippeveggane som omkrinsar vika – eit vitne om dei valdsame kreftene som er på ferde når vinterstormane slår inn frå vest. Her går solnedgangen direkte ned i havet, og ein kveld her i telt, er eit minne for livet. Har ein med brett, er det ofte gode tilhøve for å surfe i Vetvika. 

Turen dit

Ein kan komme seg til Vetvika ved å gå over fin fjellsti i 3 timar frå Svarstad på Bremangerlandet. Elles, så kan ein komme i båt frå bygdene i Bremanger/Kalvåg eller Måløy. Kjem ein sjøvegen kan ein sjå innom holmen Veststeinen som ligg 2 km utanfor vika. Her hekkar sjøfuglar som lundefuglar i hopetal, og det er ein stor bestand av selar som held til her. Veststeinen er freda, og det er ikkje lov å gå i land når det er hekketid. 

No ligg det aude

Sjølv om det var rikt fiske og plass til mange husdyr, så var det for tungvint å bu på ein plass der ein ofte var isolert frå omverda i 3 månadar på vinteren grunna stormar til havs, og snø på fjellet. I dag står berre ruinane att etter dei gamle gardane, saman med telefonpålar og den freda gravplassen med 9 graver.  

Veten

På Veten, det vestlegaste fjellplatået i Noreg, er det ei ny flott dagsturhytte med bibliotek til glede for turgåarar.  

Sjølve toppen er 527 meter over havet. Den ligg framme på kanten av platået, er markert med ein stor varde. Dette er faktisk Noreg sin vestlegaste topp på over 500 høgdemeter. Dette gjev, naturleg nok, ei fantastisk og unik utsikt over det opne storhavet, der ein ved godvêr ser «uendeleg langt» fram i den blå horisonten der Nordsjøen sklir over i den blå himmelen. 

Turen opp til platået og toppar

Turen opp til platået startar frå Grotlesanden. På Vetenplatået er det fleire stiar, der ein kan gå nordover mot utsiktpunkter over Vetvika, eller austover for å bestige ein rekke toppar som samla sett danna ein 7-fjellstur med postar på den lokale fjelltrimmen. På vinteren er det fint å gå på ski her, og elles kan tilhøva for terrengsykling vere gode.  

Dosabu

På kanten av klippeterrenget på Frøya, vest av Kalvåg ligg ei hytte med panoramautsikt til storhavet. 

Turen opp

Det finst to ruter for å komme seg til Dosabu. Dersom du vil ha ein litt kortare tur, men med minst like upåklageleg utsikt, kan du gå frå Nesje. Denne turen er på omtrent 3 km. Men for å komme seg til Nesje, må ein vere budd på å måtte stoppe og rygge, for her er det smale vegar. Frå Kalvåg er turen 6,5 km lang. 

Hytta er open for alle, men er ikkje til overnatting. Ta med deg mat og drikke, og nyt utsikta, enten det er heftig storm eller fager solnedgang.  

Ålfotbreen og Blånibba/Gjegnen

I landskapsvernområdet Ålfotbreen finn du kommunen sitt høgste fjell Blånibba (også kjent som Gjegnen).

Ålfotbreen er landskapsvernområde på grunn av det unike klimaet og steinformasjonane. Saman med Gjegnalundsbreen er det dei to vestlegaste isbreane i Noreg. Området er det mest regntunge i Europa, der ein anslår at det årleg kjem minst 5500mm nedbør. Denne ekstremnedbøren er grunnlaget for den store kraftproduksjonen i Bremanger og industrien i Svelgen. Klimaet her er arktisk, og sjølv på ein varm sommardag må ein kle seg godt og vere godt forberedt for å gå i området.  

“Kreative” stadnamn

Området er eit av dei områder som blei sist  utforska og kartlagde i Noreg. Den seine utforskinga har resultert i ein del «kreative» stadnamn, så her finn du mellom anna X-Vatnet, Y-Vatnet, Hylle-1, Hylle-2 – og så vidare. Breane og dei nærliggande områda er verna landskapsområder, og er inngrepsfrie, medan så godt som alle vatn, innsjøar og fossefall rundt dette igjen, er regulerte til kraftproduksjon.  

Hyllelandskap og klatring

Området er karakterisert av det unike og spesielle hylle-landskapet av devonsk sandstein, som er oppmalte restar av den kaledonske fjellkjeda som for 400 millionar år sidan strakte seg like høgt som Himalaya-fjella. Det er over 200 slike hyller frå Svelgen-området i vest, til Hyen i aust. Sandstein er umogleg å polere, dermed har ein har enormt godt grep til klatring. Det er mange stup og klipper i området med forskjellige grader av vanskelegheit, der den drøyaste er nok Galleri-veggen på Gjegnen, som er over en kilometer loddrett opp.