Hornelen Via Ferrata
Den høgste sjøklippa i Europa er ein ettertrakta klatrerute. Den er faktisk spekulert til å vere Noregs første klatrerute, då Olav Tryggvason skal ha klatra den rundt år 1000.
Du kan både klatre åleine eller med guide, og det er ulike vanskelegheitsgradar. Det er noko for både nybyrjarar og for den erfaringsrike "adrenalin-junkyen".
Bedrifta Hornelen Via Ferrata driftar veggane, og du må betale vedlikehaldsavgift til dei sjølv på turar utan guide.
Hornelen Via Ferrata sin heimeside
Klatre- og buldrevegg i Svelgen
I Svelgen Idrettshus er det ein innandørs klatre- og buldrevegg. Den vart bygd i 1995, og er vedlikehaldt av Svelgen turn- og idrettsforening.
Den er ikkje godkjent for klatring åleine. Til det treng den godkjenning frå eit klatrelag, og laget har vore uaktivt ein periode no. Kanskje du vil blåse liv i klatrelaget igjen? Du får hjelp med Frivilligsentralen.
Svelgen turn- og idrettsforening
Ålfoten buldrefelt
I Førdsdalen ligg eit buldrefelt ope til bruk. Ta med eiga matte sjølv.
Utviklercamp i Ålfoten har årlege utflukter hit med Nordfjord klatreklubb.
27 Crags informasjonsside
Utviklercamp
Mestringsgarden klatrepark
På Nesbø, eit steinkast frå Svelgen, finn du Mestringsgarden. Her kan barn utfordre seg i høgdene og kjenne på mestringen dette gjev, samtidig som ein alltid er trygt sikra i line.
Det er varierte opningstider, som regel om sommaren.
Facebooksida til Mestringsgarden
Klippeveggen på Blånibba
Den 1070 meter høge klippeveggen er eit ynda mål for meir erfarne klatrarar. Her er boltra ruter. Blånibba er kommunen sitt høgaste fjell.
Steinveggen ved Knekkevasshytta DNT
Ved knekkevasshytta er det ein steinvegg som mange reiser til for å klatre. Den er ubolta, og all klatring skjer på eiga ansvar.
DNT om knekkevasshytta