Bremanger frivilligsentral

Frivilligsentralen lagar opne møteplassar for alle og skal vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor. 

Vi koordinerer dei som ønskjer å vere frivillige, og hjelper frivillige med å gjennomføre nye aktivitetar dersom det er ønskjeleg. Vi samarbeider direkte med frivillige lag og organisasjonar rundt om i kommunen. 

Som del av kommunen dekker vi ulike behov ved hjelp av våre frivillige, som til dømes levering av mat frå sentralkjøken til ulike omsorgseiningar. 

Informasjon om Foreningsportalen

Aktivitetskalenderen

Frivillige lag og organisasjonar kan låne gratis kontorplass og møterom på rådhuset. 

  • Arbeid tverrsektorielt og i samarbeid med lag og organisasjonar er viktig for å kunne tilby gratis lågterskeltilbod, t.d. gratisutlån av utstyr til fritidsaktivitetar i “BUA”  for barn og unge uavhengig av bakgrunn, funksjonsnivå eller alder. 

Frå Temaplan barn og unge