Utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande

Utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande verksemder med utslepp mindre enn 50 pe og som ikkje går til offentleg nett, krev eige løyve.

Søknad

Du må sende søknad med nødvendige opplysningar til kommunen. Søknadsplikta gjeld uavhengig av kva reinseløysing du vel. Du må difor søkje om utsleppsløyve også dersom utsleppet går til tett tank. For verksemder som berre slepp ut gråvatn, gjeld søknadsplikta berre dersom det er innlagt vatn.


Kravet til løyve gjeld òg dersom du aukar utsleppet vesentleg. Du må difor normalt søkje om nytt løyve dersom du planlegg å auke belastninga på eksisterande anlegg, til dømes ved å installere vassklosett.
Forureiningsforskrifta kapittel 12 set krav til kvalitet på avløpsnettet, yteevna til reinseanlegget og nødvendig dokumentasjon.


Mest vanleg reinseløysing i kommunen er slamavskiljar med utslepp til sjø. Utsleppet skal då leiast til minimum 2 m under lågaste lågvatn, jf. forureiningsforskrifta.
Andre reinseløysingar er minireinsanlegg og slamavskiljar med infiltrasjon i grunnen.


Søknaden må minimum innehalde:

  1.  Namn og adresse til den ansvarlege
  2. Opplysningar om utslippet skal etablerast og drivast i samsvar med standardkrav i kapittel 12, eller om det vert søkt om å fråvike desse krava
  3.  Dokumentasjon på korleis utslepp skal handsamast
  4.  Plassering av avløpsanlegget og utsleppsstad på kart i målestokk 1:5000 eller større
  5.  Storleiken av utsleppet (tal personar)
  6.  Skildring av utsleppsstaden
  7.  Interesser som kan bli råka av etableringa, t.d interesser knytt til drikkevassforsyning, rekreasjon eller næringsverksemd
  8.  Oversikt over kven som er varsla
  9.  Kvittering for at varsel er sendt
  10. . Kopi av eventuelle uttaler
  11. Samtykkje frå kommunen som planmynde dersom utsleppet er i strid med endelege planar etter plan- og bygningslova

 

Ver også merksam på at:

  •  Etablering av avlaupsanlegg krev løyve etter plan- og bygningslova, i tillegg til utsleppsløyve, og løyve må vere gjeve før arbeida med avløpsanlegget startar.
  • For minireinseanlegg er det krav om driftsavtale/serviceavtale for anlegg, og avtalen skal leggjast fram for kommunen før anlegget kan takast i bruk.
  • Dersom det skal etablerast felles avløpsanlegg for fleire eigedomar, vert det sett krav til inngått avtale mellom eigedomane om etablering og drift. Denne avtala må tinglyses, normalt for den eigedommen anlegget skal stå på, og leggjast fram for kommunen før anlegget kan tas i bruk.
  • Kommunen krev at slamavskiljar og avløpsanlegg med tett tank for oppsamling av avløpsvatn skal innmeldast i slamtømingsordninga, og abonnentane må betale årsgebyr for slamtømingstenesta.
     
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset