Ureina grunn

Bygging og graving i ureina grunn

Dersom du skal setje i gong byggje- og gravearbeid på ein eigedom der det er grunn til å tru at grunnen er ureina, har du plikt til å sørgje for å få klarlagt omfanget av ei eventuell ureining. Du må leige inn ein konsulent med ekspertise på ureina grunn til undersøking/kartlegging. Der det finnast ureining i grunnen, skal det lagast ei eiga tiltaksplan der det er utgreidd korleis ein skal unngå spreiing av ureininga, og korleis det skal sikrast at grunnen har nødvendig miljøkvalitet etter at tiltaket er gjennomført.

 

Når kan det vere mistanke om ureina grunn?

Det kan være grunn til å tru at grunnen er ureina

  • i område der det tidlegare har vore ureinande industriverksemd
  • i område som har fungert som deponi/fyllplassar.

 

Kven er ansvarleg for undersøking og tiltak?

Grunneigar eller utbyggjar (tiltakshavar)


Saksgang

Tiltaksplanen skal godkjennast av kommunen. Tiltaksplanen skal sendast til kommunen saman med søknad etter plan- og bygningsloven der slik søknad er nødvendig.

Kommunen kan bestemme at du skal varsle naboar og eventuelle andre som er råka om det planlagde terrenginngrepet. Kommunen si handsaming av tiltaksplanen skal så langt det er mulig samordnast med handsaming av saka etter plan- og bygningslova.

Kommunen skal handsame saka så snart som råd. Viss ikkje saka kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst om lag kor tid vedtaket blir fatta.

 

Klage

Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du trenger rettleiing, kan du kontakte kommunen. Opprettheld kommunen vedtaket, blir saka sendt vidare til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Kontaktpersonar

Leiar, plan og forvaltning
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset