Ledige bustadtomtar

Bremanger kommune har nokre få ledige bustadtomtar i kommunale bustadfelt på Kalvåg, Hauge, Ålfoten og Svelgen.

 

På Davik er det regulerte bustadtomtar i Prestegarden bustadfelt. Det er også avsett eit byggjeområde for inntil 3 bustadhus nord for fylkesvegen.

 

Det er også regulert areal til bustadfelt på Langeneset i Svelgen, på Steinset i Kalvåg og på Kolset. Desse bustadfelta er førebels ikkje opparbeidde. På Kolset vil opparbeiding av 6 nye bustadtomtar bli sett igong i løpet av sommaren/hausten 2020. 

 

Elles er det i arealdelen av kommuneplanen, og kommunedelplanane for Bremangerbygda, Rugsund-Leirgulen, Botnane og Davik lagt ut tomtar for spreidd bustadbygging. Ta kontakt med kommunen for å få oversikt over kvar det er slike område. Dersom ein ynskjer tomt i desse områda må ein kontakte aktuelle grunneigarar.

Kontaktpersonar

Leiar, plan og forvaltning
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset