Vinterdrift

Brøyting og strøing av dei kommunale vegane vert utført av innleigde entreprenørar på vegne av Bremanger kommune.

Statens vegvesen har ansvar for brøyting og strøing av fylkes- og riksvegar.

 

Brøyting og strøing

Brøyting av hovedvegane startar når det er ca. 5 cm snø på vegbana, og vegane skal vere gjennombrøyta innan det er komme 10-15 cm snø.

Det vert strødd dersom friksjonstilhøva hindrar normalt vinterutrusta køyretøy å komme opp bakkar etc. Punktstrøing blir gjort i kurver, bakkar, kryss og på rettstrekningar med uoversiktlege avkøyrsler.

 

Innkøyrsle

Eigedomar som ligg langs kommunal veg må reikne med å få brøyta snø inn i innkøyrsla. Bebuarane må sjølv rydde eiga innkøyrsle, og det er ikkje tillate å legge snø frå innkøyrsla ut på fortau/vegbane.

 

Parkering langs kommunal veg

For at brøytarane ikkje skal få problem med å komme fram og brøyte dei kommunale vegane, ber kommunen om at det ikkje blir parkert langs den kommunale vegen. Vi oppmodar alle som har høve til å parkere bilane sine i garasjar og innkøyrsler. Dersom du må parkere langs vegen, ber vi om at du parkerer så langt ut til sida som mulig.

 

Kva forventar kommunen av deg?

  • At du som trafikant er førebudd på føretilhøva enten du går, syklar eller køyrer
  • At du parkerer slik at brøytebilen kjem fram
  • At du sjølv ryddar eigen innkøyrsle
  • At snø frå eigedommen din ikkje vert måka ut i vegen
  • At NoMil-dunkar som står ved sidan av vegbana og på fortauet vert henta attende til huset så snart som råd etter tøming. Dunkar som vert øydelagt av brøyten må erstattast av abonnenten.
  • At du fjernar tre som veks ut i veggrøft eller greiner som heng innover vegbane frå hagen din, slik at det ikkje vert skade på traktor og utstyr under snøryddinga.
  • At postkasser/postkassestativ og tilsvarande vert plassert meir enn 1 m frå vegkant slik at desse ikkje vert påført skade under brøytinga.
  • At du har forståing for at vêrtilhøva av og til kan gjere det vanskeleg for brøytarane å halde vegane tilfredsstillande brøyta og strødd.
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset