Grensejustering

Grensejustering kan nyttast når eigedommar med felles grense har behov for ei justering av grensa mellom eigedommane. Dette gjeld kun for mindre areal.

Vilkår

  • Partane må vere einige om justeringa, og alle heimelshavarar må signere søknaden
  • Arealet for dei involverte eigedommane kan kun justerast med inntil 5 % av den minste eigedommen sitt areal
  • Maksimalt areal for grensejustering er sett til 500 m2
  • Ei eining kan ikkje avgje areal som i sum (makebyte/fleire justeringar) overstig 20 % av arealet eininga hadde før justeringa
  • Verdien på eigedommen kan ikkje reduserast med meir enn folketrygda sitt grunnbeløp på 1G

Dersom areala er større enn dette må du søkje om arealoverføring eller deling av eigedom med påfylgjande samanføyning.

 

Kva må sendast til kommunen:

  1. Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring, kryssa av for grensejustering og signert av heimelshavarar for begge eigedommane.
  2. Situasjonskart i målestokk 1:500 som viser kva areal som skal overførast.
  3. Kvittering/gjenpart av nabovarsel dersom andre naboar er råka av justeringa.
  4. Eventuell verdivurdering for dei involverte eigedommane

 

Saksgang

  1. Sakshandsamar kontrollerer at vilkåra for grensejustering er oppfylt.
  2. Saka vert overlevert oppmålingsavdelinga for gjennomføring av oppmålingsforretning.
  3. Varsel om oppmålingsforretning vert sendt til naboane som grensar til den aktuelle eigedomsgrensa minimum 14 dagar før forretninga skal gjennomførast.
  4. Gjennomføring av oppmålingsforretning der grensene etter grensejustering blir klarlagt, merka og oppmålt. Ny grense vert registrert i matrikkelen.
  5. Gebyr for grensejustering må betalast før matrikkelbrev vert sendt ut til partane.

Kontaktpersonar

Leiar, plan og forvaltning
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset