Arealoverføring

Dersom ein eigedom skal overføre areal til ein tilgrensande eigedom (tilleggsareal) kan ein søkje om arealoverføring. 

Arealet som blir overført vil då inngå i den tilgrensande eigedomen (same gards- og bruksnr.), og det er ikkje naudsynt å skrive skøyte på arealet.

Kravet om godkjenning av delinga etter plan- og bygningslova og jordlova gjeld også ved arealoverføring.

 

Søknaden må innehalde:

  • Skjema for søknad om deling av grunneigedom/rekvisisjon av oppmålingsforretning
  • Situasjonskart som viser kva areal som skal overførast
  • Kvittering/gjenpart av nabovarsel
  • Erklæring om arealoverføring
  • Kopi av tinglyste pantedokument med erklæring frå pantehavarane om pantefråfall dersom det hefter pant i eigedommen arealet vert delt frå.

 

Erklæring om pantefråfall

  • Må tinglysast på originale pantedokument og bør formulerast slik: «X fråfell pant i arealoverføring mellom gbnr..../... og gbnr..../...... på yyy m²».
  • Originale pantedokument skal sendast direkte til tinglysninga.

 

Kven som kan søkje om arealoverføring:

  • Hovudregelen er at heimelshavar (som er oppført i matrikkel som eigar) kan søke.
    Gjeld det festetomt, må både heimelshavar og festar signere.
  • Ved frådeling av sameige, må alle heimelshavarar signere.
  • Søkjer ein på vegne av heimelshavar, må det ligge føre fullmakt frå heimelshavar om dette. Fullmakta må verte lagt ved søknaden.
  • Advokatar kan signere søknad utan fullmakt.
  • Ved dødsbu må skifteattest følgje søknaden - og - underskrifta må vere i samsvar med skifteattesten.

Når et firma er heimelshavar, må søknaden signerast av den eller dei som har fullmakt i følgje firmaattesten. Firmaattesten (ikkje eldre enn ½ år) må leggast ved søknaden.
 

Kontaktpersonar

Arealplanleggjar
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset