Tilskot til etablering eller tilpassing av bustad

Bremanger kommune vidarefordeler tilskotsmidlar frå Husbanken til etablering eller tilpassing av bustad.

Tilskot til etablering skal støtte opp om etablering i eigen bustad og sikre eigna bustader til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Tilskot til tilpassing skal bidra til at bustaden blir betre eigna til å ivareta behov for personar med nedsett funksjonsevne. Tilskottet kan dekkje deler av godkjent tilpassingskostnad.

 

Tildeling av desse tilskota skjer etter økonomisk behovsprøving. Regelverk og meir informasjon om tilskotsordningane kan ein finne på Husbanken sine nettsider.

 

Fylgjande skal minimum leggast ved søknaden:

  • Dokumentasjon på husstanden si samla brutto inntekt og formue pr i dag, t.d ved utskrift av likninga for to siste åra.
  • Målsette teikningar, skisser/foto, situasjonsplan/kostnadsoverslag over utbetringa
  • Lækjarerklæring for søkjarar som har spesielle behov
  • Kopi av lånetakst dersom søknaden gjeld tilskot til etablering

Ved underskrift av søknad gjev du kommunen (og eventuelt Husbanken) fullmakt til å hente inn kredittopplysningar.

 

Søknad skal sendast til Bremanger kommune, pb. 104, 6721 Svelgen.

 

Tilskot til utgreiing og prosjektering

Dersom du har behov for spesialtilpassing av bustaden din, for eksempel på grunn av funksjonshemming hos deg eller ein annan i husstanden, kan du søke om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp, t.d  utført av arkitekt. Du engasjerer sjølv den fagkyndige, men utgreiinga/prosjekteringa må skje i samråd med ergoterapeut i kommunen.

 

Tilskot til prosjektering kan dekke utgifter på inntil kr 20.000,-. Det kan også gjevast tilskot til utgreiing i forkant av prosjekteringa på inntil kr 20.000,-. I spesielle tilfeller kan det gjevast høgare tilskot.

 

Søknader om tilskot til utgreiing/prosjektering av tilpassingstiltak for bustad skal sendast til kommunen.

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset