Feiing/tilsyn

Alle bustader kor det er kopla omn/omnar til skorstein er pålagt feiing.

Feiing og tilsyn

Tidlegere kom vi på tilsyn minst kvart fjerde år. Ny «Forskrift om brannforebygging» frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov.

 

Varsel om feiing eller tilsyn

Varsel om feiing eller tilsyn vert i stor grad sendt ut som tekstmelding via Varsling 24 ( SMS varslingssystem )  nokre dagar før. Dersom ikkje tidspunktet høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren.

 

Lurer du på om ditt telefonnummer er knytt til denne tenesta, så kan du sjekke dette, og eventuelt endre oppføringa via https://varslemeg.no/

 

Sikker tilkomst

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørge for sikker tilkomst til og på tak. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørge for at det er eigna stige på lett tilgjengeleg stad.

 

Før feiaren kjem skal du:

  • Legge fram stige (for dei med takfeiing).
  • Sikre at stigen ikkje kan skli.
  • Sjekke at takstige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket.
  • Parafin-/oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det).
  • Stenge luker, ventilar og spjeld.
  • Hugse å seie i frå til leigebuar.
  • Passe på at ikkje noko anna kan vere til hinder for feiinga.

Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast) vil det ikkje bli feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg. 

 

Tilsyn

Eigar eller representant for eigar skal vere til stades og sørge for at samtlege bueningar, eldstader og skorsteinar er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigar sin representant varsle andre brukarar (leigetakarar).

 

Tilsynet vil omfatte kontroll av:


•    Eventuelt tidlegare avvik eller merknader er følgt opp og utbetra.
•    Ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen.
•    Anlegget er tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.
•    At røykvarslarar, håndslukkeutstyr og rømmingsveg følger regelverket.
•    At det er tilfredsstillande tilkomst for feiing og uttak av sot.

Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan til dømes vere monteringsanvisning til omn eller liknande.

 

Spør om ID-kort dersom du er usikker om det er feiaren som kjem på døra.

 

Feiing gjeld heilårsbustader og fritidsbustader

Tenesta gjeld heilårsbustader og fritidsbustader, etter forskrift om brannforebygging.

 

Har du spørsmål, ta kontakt med:

 

  • Avdelingsleiar Geir Sagevik, tlf. 901 13 010

 

Avdeling Florø og Bremanger 

  • Feiar Bjarte Dypevik,      tlf. 415 30 146
  • Feiar Malin Skopeide      tlf. 415 30 147

 

Avdeling Måløy

  • Feiermester Aurimas Telsinskas, tlf. 900 57 358 

 

Lover og forskrifter

Kontaktpersonar

Branninspektør/Fagansvarleg feiing

Postadresse:Markegata 51,6900 Florø

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset