Parkeringskort

Er du bilførar eller passasjer som ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over ei viss lengde, og har eit særleg behov for å parkere nær bustad, arbeid og/eller anna aktivitet, kan du søke om parkeringskort. 

Kva er parkeringskort?

Parkeringskort for forflytningshemma gjev deg høve til å parkere på offentlege parkeringsplassar merka for forflytningshemma, og er meint som eit hjelpemiddel for deg som har vanskar med å gå. 

Parkeringskortet er personleg og du kan nytte det i kva bil du vil.  

Kven kan få parkeringskort?

Du kan få parkeringskort som bilførar eller passasjer. 

 

Om parkeringskort