Hjelpemidlar

Hjelpemidlar skal bidra til å betre funksjonsevna, auke sjølvhjelp og lett pleie i heimen.

Det er to former for utlån:

 

  • Kortidsutlån, inntil 2 år
  • Langtidsutlån, over 2 år

 

Bremanger kommune sitt ansvar:


Dersom trongen for hjelpemiddel er kortvarig, under to år, har Bremanger kommune ansvar for utlån av hjelpemiddel. Dette kan til dømes vere hjelpemidlar for naudsynt avlastning etter ein operasjon.

Bremanger kommune har hjelpemiddellager i ytre og i indre delar av kommunen. Vi har eit avgrensa utval av hjelpemidlar som dusjstolar, toalettforhøgarar og ganghjelpemiddel.

Utlånet er gratis.

 

Statleg ansvar:

NAV Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane (Førde) har det overordna ansvaret for varig utlån av hjelpemiddel, over 2 år.
 

Gjennom Lov om folketrygd kan ein få varig utlån av hjelpemiddel som er naudsynte for å fungere, betre eller løyse praktiske utfordringar i kvardagen. Dette gjeld både i heimen, på skulen og i arbeid.
 

Det må fremjast skriftleg krav om varig utlån av hjelpemiddel. Vedtak vert gjort ved NAV Hjelpemiddelsentralen, og utlån er gratis.
 

Kommunen hjelper personar til å setje fram krav om varig utlån av hjelpemiddel.
 

Ta kontakt med ergoterapeut i kommunen eller med Open omsorg indre eller ytre ved behov for å låne hjelpemiddel.

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset