Parkeringskort

Parkeringskort for forflytningshemma gjev deg høve til å parkere på offentlege parkeringsplassar merka for forflytningshemma, og er meint som ein kompensasjon for tapt gangfunksjon.

Du kan få parkeringskort som førar av motorvogn eller som passasjer dersom du har særskilde behov.

 

Parkeringskort for førar:

Parkeringskort vert utstedt til deg som ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege deg over ei viss lengde, og derfor har særleg behov for å kunne parkere nær bustad, arbeid og/eller anna aktivitet. Dette må komme fram i både søknaden din og i legeerklæringa.

 

Parkeringskort for passasjer:

Dersom du søker om parkeringskort som passasjer, gjeld same vilkår som førar, men i tillegg må du ha behov for regelmessig hjelp av førar utanfor køyretøyet. Dette må komme fram i både søknaden din og i legeerklæringa.

 

Korleis søke?

Du søker ved å bruke elektronisk skjema eller papirskjema. Saman med søknaden må du levere:

  • Legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over ei viss lengde. Ved søknad som passasjer, må det gå fram av legeerklæringa at du har behov for regelmessig hjelp av førar utanfor køyretøyet.
  • Bilete i passfotostorleik.

 

Søknad om parkeringskort (elektronisk skjema)

 

Søknad om parkeringskort (papirskjema) (PDF, 3 MB)

 

Legeerklæring (PDF, 594 kB)

 

Servicekontoret handsamar søknaden din, ta kontakt med oss for rettleiing.

 

Parkeringsløyve for forflytningshemma - Statens vegvesen

Forskrift om parkeringsløyve for forflytningshemma

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset